NGIB kjem på besøk i 1.trinn på skulane

-A +A

NGIB Brannførebyggande avdeling skal i perioden:
20. september – 27.oktober besøke alle 6 åringar i regionen.

Vi vil her setje fokus på korleis elden oppstår(branntrekanten), at det er farleg å opphalde seg i røykfylte rom og korleis ein kan rømme ut frå huset og lære telefonnr.

Brannvernundervisninga er svært populært blant elevar, lærarar, og ikkje minst veldig nyttig. I forbindelse med undervisninga vil me utføre tematilsyn ved skulene med fokus på rømingsvegar.

Tilsyn

I samband med besøk i 1. trinn vil vi også gjennomføre tilsyn ved skulen.

Det vert i år gjennomført tematilsyn (iht. § 6-2, anna ledd i førebyggandeforskrifta(fobtot)).

Satsingsområde for tematilsyn er: Rømingsvegar.

OBS! Det vert ikkje gitt noko ytterligare innkalling i forkant av tematilsynet.

 
Timeplan for undervisninga kan du sjå her.

Undervisningsplan kan du sjå her.


Trygge og kompisen saman med Eldar og Vanja.