Sjå kva ein krasj gjer med bilen din

-A +A

Store skader sjøl ved liten fart

Det er som vanleg Trafikkfaglig Samarbeidsutvalg (TSU) i Nordhordland som står bak dette årlige arrangementet, som vert på plassen mellom Nordhordlandshallen og Knarvik kyrkje. Det startar klokka 11.30 med bilslepp, der ein personbil vert heisa til vers av ein krane og sleppt i ei høgde som gjev ein krasj tilsvarande 80 kilometer i timen. Deretter vil naudetatane rykka inn og demonstrera korleis dei jobbar på ein ulukkesstad, med frigjering frå vrak, førstehjelp med meir.

- Denne delen av trafikkaksjonen er open for alle, også andre enn russen, seier Gunn-Torhild Ramslien i TSU Nordhordland.

Ho legg til at demonstrasjonen kan gje sterke inntrykk, og at det ikkje er noko for born.

- Det som er viktig for dei som ønskjer å sjå demonstrasjonen, er at dei er på plass tidsnok. Parkeringsplassen mellom kyrkja og Nordhordlandshallen er oppteken til demonstrasjonen, så ein må eventuelt parkera på kyrkja sin parkeringsplass, ved ungdomsskulen eller ved idrettsanlegget.

Bilsleppet og den påfølgjande demonstrasjonen av redningsarbeid skjer i tidsrommet 11.30 til 12.30. Etter dette går trafikkaksjonen vidare inne i Knarvik kyrkje, men denne delen av opplegget er berre for årets russekull, og yrkesretta fag.