Feiing og tilsyn av fritidsbustad/hytte

-A +A

01.01.2016 fekk  me ny førebyggjande forskrift.

Den nye forskrifta seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader, for å gjere det like trygt å vere på hytta med familie og vener som i heimen.

Det betyr at brannvesenet skal gjennomføre feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar i kvar etasje og sløkkjeutstyr vert også gjeldande for fritidsbustader.

Derfor er me avhengige av at eigar av fritidsbustad melder inn det dei har av eldstad og skorstein i fritidsbustaden på svarskjema enten via post eller på nettsida vår. Me vil bruka innmeld info til å sette opp ei rute for praktisk gjennomføring av arbeidet.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing, og utfører feiing ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år.

Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere på hytta når vi kjem på første besøk for  feiing og tilsyn, men feiinga kan vi seinare gjennomføre utan at du er der.

Nettbasert skjema for melding av eldstad i fritidsbustad finn du HER.

Har du spørsmål eller treng hjelp med skjema, ta kontakt med oss på e-post LMB.feiar@lindas.kommune.no eller telefon: 920 66 956 / 414 74 193