Bålbrenning forbode

-A +A

Frå og med i dag gjelder bål forbodet over heile landet. Frå 15. april til 15. september er faren for å forårsake gras- og skogbrannar normalt større enn ellers i året. Det er derfor, i denne perioden, forbod mot å fyra opp bål ute i naturen, utan godkjenning frå brannvesenet. Men forbodet er ikkje totalt.

Etter at reglane blei mjuka opp i 2016 er det no lov til å ta ein eigen vurdering om brannfaren er stor eller ikkje.

Dette er lov:

  • Du kan framleis grilla eller brenna hageavfall i din eigen hage.
  • Grilla på egna stader i for eksempel parkområder eller strandkanten
  • Du kan brenna bål der det openbart ikkje kan medføre brann, men all bål brenning er på eige ansvar

Det er altså lov å fyre opp bål der det «openbart ikkje er fare for brann».

Det er lov å brenna hageavfall, men kun små mengder tørt hageavfall, som kvister, gras og gammalt løv og planterester. Det er ikkje tillat å brenna søppel i nokon form, heller ikkje bygningsrestar, material eller trevirke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.

Ta omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarlig.

Flate brenning, bråtebrenning eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må meldas til brannvesenet. Det må utarbeidas planer og sikrar at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne type brenning er også tillat i tidsrommet frå 15. april til 15. september.

Nokre retningslinjer:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Hald bålet under oppsyn og kontroll.
  • Sløkk alltid bålet forsvarlig med rikelige mengder vatn. Finnes det ikkje vatn på staden, må dette tas med.
  • Vær svært varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til gras- og skogbrannar. Plasser eingongsgrillen på sikkert underlag. Eingongsgriller må sløkjas med vatn før den fjernes.
  • Uavhengig av godkjenning er all bålbrenning på eige ansvar!