God jul

-A +A

Jula er for dei fleste ei tid for god mat, samvere, gleda av å gje (og få) og å skape gode minner, spesielt for borna. Det er også ei tid for å minnast gode minner, men for nokre er det ei tid der og vonde minner kjem fram. Tida me no har vore gjennom er for mange prega av stress og kav for å få julevasken unnagjort, handla presangar og nok mat. "Jon og Kari med famile kjem og. Har me nok pinnekjøt til middagen?" "Klarar eg å få svoren sprø utan at den vert svidd i år då?". Mange tankar svirrar, er nokon gløymde no? Kanskje, i rein desperasjon, er det nokon som i siste liten må ty til ei takgrind på ein bensinstasjon?

Me har no lagt bak oss den veka i året der det desidert vert bulka flest bilar i året. Men uansett om du får sprø svor, passeleg salt torsk eller nok kjøt på pinnekjøtet, om det er litt støv att i krokane under sofaen eller pynt på buskane utanfor huset. Om ikkje alt er på stell, set deg ner og trekk pusten - Det vert jul uansett!!

Jule- og nyttårshøgtida er historisk sett høgsesong for naudetatane. Den nasjonale statestikken for brann er høg i denne tida og våre gode kollegaar i helsevesenet har og mykje å gjere. Me vil derfor oppmode om å tenkje ekstra på brannsikkerheten i år, kanskje me kan få ei feiring der våre mannskap og kollegaar kan få sleppe å rykkje ut til ein heim i rykande ruinar eller køyre foretne pasientar til sjukehus etter for store påkjenningar. Tenk at du skal slå av julelysa når du går å legg deg eller forlet huset (sjå filmen for eksempel på kor fort det kan gå gale). Blås ut levande lys, om det ikkje er nokon tilstades i rommet som kan passe på og er det strengt tatt nødvendig å ta den ekstra porsjonen med pinnekjøt, sjølv om det berre er jul ein gong i året??

Alle me i Lindås, Meland og Modalen Brann og Redning og Nordhordland og Gulen Interkommunale Brannførebyggjande avdeling vil ønskje dykk alle ei god og fredeleg julefeiring og oppmodar alle til å sende ein tankje til dei som kanskje ikkje har det så godt denne jula!