Opptaksprøve 15 og 17 februar 2022

-A +A

Kven blir kalla inn til opptaksprøve?

Dei som får være med på opptaksprøva er eit utval frå dei som søkte på aspirantkurset. I alt fekk vi 131 søknadar. Det er veldig mange gode kandidatar, og det har vore vanskeleg å plukke ut dei 30 vi har moglegheit til å ta med oss vidare på opptaksprøve. Tilbakemelding til kandidatar vil bli sendt ut seinast tidleg i veke 6.  Av dei som gjennomfører opptaksprøva vil vi velgje ut ca. 15 kandidatar som får plass på kurset som skal gjennomførast i mars 2022.

Kva er ei opptaksprøve?

Opptaksprøva er fysiske testar og intervju. Etter dette vil det bli gjort ei evaluering av kandidatane, og ut frå denne evalueringa vil vi sende ut invitasjon til å delta på aspirantkurset.

Kvifor har vi ei opptaksprøve?

Brann- og redningspersonell er underlagt forskriftskrav mht. helse og fysikk. Derfor må vi ha ei opptaksprøve for å sikre at vi oppfyller krava. 

Korleis gjennomfører vi opptaksprøva?

Dei fysiske testane vert gjennomført i utrykkingsklede inkl. hjelm, maske og pressluftutstyr i bruk. Normalt sett vil denne testen bli utført med støvlar, men på opptaksprøva vil den bli utført med eigne sko. Hugs derfor å ta med joggesko!

  • Testen består av 12 postar
  • Testen skal gjennomførast i hurtig gange, altså du kan ikkje springe mellom postane.
  • For godkjent testresultat skal testen gjennomførast på mindre enn 10 minuttar og 30 sekunder.
  • Du vil ha ein rettleiar som følger deg under heile testen.

Her kan du sjå døme på test - https://www.youtube.com/watch?v=hXBD2Enhl6Q

I tillegg skal du utføre nokre ferdigheitsoppgåver. Etter dei fysiske testane så vil det være eit kort intervju.

Totalt reknar vi med at test og intervju vil ta ca 1 -1,5 time.

Alle som gjennomfører opptaksprøva vil få tilbakemelding innan ei vekes tid.  Av dei 30 som er med på opptaksprøva vil vi velgje ut ca. 15 kandidatar som får plass på Aspriantkurset som skal gjennomførast i mars 2022.

Tips!

Du vil bli sliten og sveitt etter testane. Ta med handkle og drikke. Det kan og vere lurt å ha eige treningstøy til å ha under utrykkingskleda. Du vil få tilgang på garderobe, men det vil ikkje være dusjmoglegheit. Og hugs, joggesko til testen!