Om oss

-A +A

Nordhordland brann og redning har feietenesta for Alver, Modalen og Austrheim.

Avdelinga for feiing og bustadtilsyn har kontor på Knarvik, Lindås og Manger stasjon. 

Ved spørsmål kring feiing og tilsyn - kontakt kommunens kundetorg.

Alver kommune: 56 37 50 00

Modalen kommune: 56 59 90 00

Austrheim kommune: 56 16 20 00

Feiing og tilsyn av bustad:

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg.

Feiing og tilsyn av fritidsbustad:

Den nye forskrifta seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader.

Det betyr at brannvesenet skal gjennomføre feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr i kvar etasje vert også gjeldande for fritidsbustader.