Aspirantkurs 2022

-A +A

Lyst på spennande utfordringar?

NHBR treng fleire vikarar og deltidstilsette og skal derfor arrangere aspirantkurs.  Kurset er grunnleggjande og obligatorisk for alle som skal jobbe som brannmannskap i NHBR, og etter fullført opplæring kan du søkje på stilling i deltidsstyrken vår.

Kven kan søkje?

Dine personlege eigenskapar og haldningar vil vere svært viktige. Vi er på jakt etter deg som har lyst til å bidra til å skape eit tryggare og betre kvardag for innbyggjarane våre . Du er  fysisk og psykisk skikka og har god helse. Du har eit ønske om, -og tid til å gå inn i deltidsstyrken etter fullført aspirantkurs. Etter fullført og bestått aspirantkurs kan du søkje ledig stilling som konstabel hos oss når desse blir utlyst. Det er derfor viktig at aspirantane oppfyller dei same grunnleggjande krava som vi stiller til dei tilsette i brannkorpset.

Krav til brannkonstabel:

  • Ha godkjend politiattest (ordinær politiattest)
  • Ha tilfredsstillande helseattest
  • Førarkort klasse B
  • Du må ha bustad maksimum 15 minutt frå ein av brannstasjonane våre. (køyreavstand)
  • Du må bestå fysisk test (denne vil bli gjort som ein del av opptaksprøve)

 

Søknadsprosess

Du søkjer om plass på kurset og utifrå søknad vil du bli vurdert og kalla inn til ei opptaksprøve. Søknaden må innehalde ei kort skildring om deg og kva interesse og kompetanse du har.  Politi og helseattest treng ikkje å vere ein del av søknaden. Men dei må vere på plass til sjølve kurset.

 Du søkjer om plass på kurset via Alver Kommune sine nettsider. Trykk her for å komme direkte til utlysinga. 

Søknadsfrist 31. januar 2022

 

Opptaksprøve

Opptaksprøva til kurset består av eit intervju og fysisk testar. Vi tar inn deltakarar og deler dei opp i grupper.
Den eine gruppa vil ha opptak 15 februar, den andre vil ha 17. februar.  Her vil du bli betre kjend med NHBR og me med deg.

Fysisk test

Testen vert gjennomført i utrykkingsklede inkl. hjelm, støvlar og maske og pressluftutstyr i bruk.

Sjølve testen:

  • Testen består av 12 postar
  • Testen skal gjennomførast i hurtig gange, altså du kan ikkje springe mellom postane.
  • For godkjent testresultat skal testen gjennomførast på mindre enn 10 minuttar og 30 sekunder.

Her kan du sjå døme på test - https://www.youtube.com/watch?v=hXBD2Enhl6Q

Etter opptaket vil det vere ei evaluering av kandidatane. Utifrå denne evalueringa, vil vi sende ut invitasjon for deltaking på aspirantkurset. Med andre ord; det er ikkje alle som vil gå vidare frå opptaksprøva til kurset.

 

Aspirantkurset

Kurset vil bli arrangert i tre helger og er på til saman 50 timar.
Gjennomføring av kurset vil skje i veke 10, 12 og 13. (fredag ettermiddag, lørdag og søndag ).
Kurset vil i hovudsak bli gjennomført på Knarvik Stasjon (Stølen 7 i Alvermarka)

På kurset vil du få grunnleggjande teoretisk og praktisk opplæring i sentrale sider innan brann- og redning.

Tema som du skal gå gjennom er blant anna:

  • Brannfysikk
  • Førstehjelp
  • Røykdykking
  • Trafikkulykke
  • Overflateredning

Kurset avsluttast med ei teoretisk prøve siste dag.

Praktisk informasjon

  • Vi har ikkje moglegheit til å endre datoar for opptak eller kurs.
    Dersom du ikkje kan desse datoane, må du vente til neste gang vi arrangerer kurs. Dette skjer ca. kvart 3. år.
  • Egna klede både for opptak og kurset ordnar vi.

For meir informasjon om Operativ avdeling, klikk her.

Eg har gjennomført og bestått aspirantkurset, kva no?

No er du kvalifisert til å søkje på jobb hos oss!! Det vil bli utlyst stillingar like etter at aspirantkurset er ferdig. Dette vil de og få informasjon om på kurset. Stillingar vil bli lyst ut via Alver sine nettsider.