Brannsikker hytte i påsken

-A +A

Foto: Ole Jørgen Kjellmark

Mange skal på hytta i påsken. Då er det viktig at du sjekkar at hytta er godt sikra mot brann. Det aller viktigaste er å sjekke at røykvarslaren fungerer.

I Nordhordland brann og redning sitt ansvarsområde er det 3985 fritidsbustader.
Og sjølv om mange er ofte på hytta, står dei fleste ubrukt i fleire veker i strekk i løpet av året.

Derfor kan det ikkje seiast ofte nok; kvar gong hytta skal tas i bruk må du sjekke at røykvarslaren fungerer. Batteriet kan ha gått tomt sidan sist du sjekka, og da verkar ikkje varslaren. Sjekk derfor alltid røykvarslaren og sørg for at du har ekstra batteri på hytta. Om du er i tvil om du har det, så sett det på handlelista, så er du sikker, seier Espen Olsvik, leiar for feiing og bustadtilsyn.

Mange hytter ligg utanfor allfarveg, og utrykkingstida er ofte lengre enn for bustadområde. Nettopp derfor er det viktig at du ikkje tar ferie frå brannsikkerheit når du er på hytta, vi har ingen liv å miste i brann, avsluttar Espen Olsvik.

Brannvernforeninga si sjekkliste for brannsikker hytte:

  • Sjekk røykvarslar kvar gong hytta tas i bruk
  • Ha alltid ekstra batteri tilgjengeleg
  • Sørg for at du har tilgang til slukkeutstyr
  • Gå aldri frå levande lys
  • Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ
  • Kast oskeavfall på ein forsvarleg måte
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk
  • Ver ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamleg.