Har DU bytta batteri??

-A +A

Røykvarslaren er det viktigaste livreddande tiltaket du har i bustaden din. For å vere sikker på at den fungerar til ei kvar tid bør du passe på at den vert montert rett samt sjekka og vedlikehalde jamleg. Batteri skal bytast minimum ein gong i året (1. desember), eller etter behov. Test bør føretakas kvar månad og etter feriar.

Alle bustadar skal ha minst ein røykvarslar (eller FG-godkjent brannalarmanlegg) som skal kunne høyrast frå alle soverom med dørene stengt. Det vert anbefalt å montere fleire røykvarslarar i ein husstand og gjerne seriekople desse. Røykvarslarar har ei haldbarhet på 10 år om ikkje anna er spesifisert. Hensikta med å montere røykvarslarar er at du skal få eit tidleg varsel om at ein brann er under utvikling. Du får då anledning til å redde ut deg sjølv og andre som oppheldt seg i bustaden.

Les meir om Røykvarslar på brannvernet.no eller på brannvernforeningen.no

Me ønskjer dykk alle ei god og branntrygg førjulstid