Oppheving av totalforbod mot bruk av eld utandørs.

-A +A

Nedbør den siste tida har ført til at brannsjefane i Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen opphevar totalforbodet mot å gjera opp eld utandørs med verknad frå 15 juni 2018 kl 08:00. Forbodet gjelder for kommunane Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

Dette betyr:

Det generelle bål forbodet mellom 15 april til 15 september er gjeldande.

Dette er lov:

  • Du kan framleis grilla eller brenna hageavfall i din eigen hage (kunn små mengder). Det er ikkje tillat å brenna søppel i nokon form, heller ikkje bygningsrestar, material eller trevirke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.

  • Grilla på egna stader i for eksempel parkområder eller strandkanten

  • Du kan brenna bål der det openbart ikkje kan medføre brann, men all bål brenning er på eiget ansvar.

Ta omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarlig.

Uavhengig av godkjenning er all bålbrenning er på eige ansvar.