Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før den er heilt sløkt.
Når er det lov med lyng- og bråtebrenning?
15. april til 15. september:
I perioden 15 april til 15 september er det forbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om lov (jfr §3, Forskrift om brannforebygging).
Søknaden må innehalde:
- Namn på ansvarleg og telefonnummer
- Stad for lyng og bråtebrenning, adresse/stadnamn og kartutsnitt
- Tidsperiode for brenning
- Plan for forsvarleg og kontrollert brenning og sløkking (skriftleg)
- Plan for handtering av uhell/ukontrollert spredning
Du må søkje minimum 14 dagar før planlagt brenning. Ein kan søkja om løyve for periode inntil 3 veker.
Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer søknad for Alver, Austrheim og Modalen kommune.
Send e-post til: post@alver.no
15 september til 15 april:
Ein må i dette tidsrommet avklara aktiviteten med lokalt brannvesen då lyng-/bråtebrenning er svært synleg på lang avstand, og brannvesenet kan få inn mange unødige meldingar om brann.
Aktsemdkravet gjelder heile året og er forankra i Forskrift om brannforebygging § 3: «Ein kvar plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle brannfarlige gjenstander utendørs under slike forhold eller på en slik måte at det kan føre til brann».
Send meldig til brannvesnet via e-post seinast 7 virkedagar for brenninga.
E-posten må innehalde:
- Namn på ansvarleg og telefonnummer
- Stad for lyng og bråtebrenning, adresse/stadnamn og kartutsnitt
- Dato/tidsrom for brenning
- Plan for forsvarleg og kontrollert brenning og sløkking
- Plan for handtering av uhell/ukontrollert spredning
Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer dette for Alver, Austrheim og Modalen kommune.
Send e-post til: post@alver.no
Generelt:
Viss brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.
Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.
Husk altid å varsla Nordhordland brann og redning dagen brenninga skal føregå (vakttelefon: 91 86 12 47)
Sankthansbål
På sankthansaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.
Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden, som er ansvarleg for tryggleikstiltak og å sløkke elden før staden blir forlaten.
Her kan du lese meir
Forskrift om brannførebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet